Det var god stemning då Osbadet feira seg sjølv tysdag. Her eit hyggjeleg møte mellom dagleg leiar Bård Alfstad og tidlegare dagleg leiar, Leif Gunnar Borgen.
Det var god stemning då Osbadet feira seg sjølv tysdag. Her eit hyggjeleg møte mellom dagleg leiar Bård Alfstad og tidlegare dagleg leiar, Leif Gunnar Borgen.

10 år med Osbadet: 1 million badande

- Med ein million badande sidan starten kan ikkje Osbadet omtalast som noko anna enn ein formidabel suksess, sa ordførar Terje Søviknes under tiårsjubileet tysdag.

Ordføraren var den første som tok ordet under tapas-lunsjen i møterommet over badet tysdag føremiddag.

- Eg har sett litt på besøkstala og ser at det jamt har lege rundt 100.000 besøkande i året. Det vil seia at Osbadet har teke imot 1 million badande desse ti åra, konstaterte Søviknes til applaus frå dei innbydde på festlunsjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var mange som var skeptiske til driftinga av dette badet, men me kan vel trygt slå fast at dei første ti åra har gått rimeleg bra, slo ordføraren fast.

Godt redningsapparat

Tysdag var det altså ti år sidan Tor Inge Døsen høgtidleg erklærte Osbadet for opna. Tiårsjubileet vart feira med redningsøving, opning av to nye badeelement i barnebassenget og tapas-lunsj servert av kjøkenet til Oseana-resturanten, samt ein god historie-time med Osbadets far, Tor Inge Døsen.

For den tidlegare byggjeleiaren og avtroppande driftsleiaren for Osbadet var sjølvsagt invitert til jubileet. Det same var ei rekkje politikarar, tidlegare styremedlemer og faste støttespelarar.

Ordførar Terje Søviknes fekk æra av å opna "kranen" for dei nye badeleikane i barnebassenget.
Ordførar Terje Søviknes fekk æra av å opna "kranen" for dei nye badeleikane i barnebassenget.
Tor Inge Døsen gav dei frammøtte ein kjapp gjennomgang av korleis Osbadet vart ein realitet.
Tor Inge Døsen gav dei frammøtte ein kjapp gjennomgang av korleis Osbadet vart ein realitet.
John Hauge og Markud Pettersen demonstrerte livredningsarbeid med hjartestartar.
John Hauge og Markud Pettersen demonstrerte livredningsarbeid med hjartestartar.

Som under opninga for 10 år sidan vart første del av programmet lagt til bassengkanten. Men medan me i 2006 fekk sjå symjarar som Alexander Dale Oen og bror Robin "kråla inn" bassenget og erverva dei første banerekordane i 25-metersbassenget, fekk me denne gongen sjå ein badar som på langt nær var like symjedyktig. Faktisk måtte vedkomande ha hjelp.

Nokre hektiske minutt etter kunne dei vel 30 inviterterte gjestene trygt konstatera at dagleg leiar Bård Alfstad og badevaktene hans har svært så gode rutinar for korleis unngå drukningsulukker i Osbadet.

- Det har vore fire tilfelle av drukning i Osbadet. Ingen av tilfella har det enda med død. Det er trygt å bada i Osbadet. Det såg me tydeleg døme på under redningsdemonstrasjonen i 25-meters bassenget i stad, kommenterte Døsen under lunsjen etterpå.

Nye badeleiker og fornying

Etter at Markus Pettersen og John Hauge hadde demonstrert livredning i bassenget og bruk av hjartestartar, fekk ordførar Søviknes æra av å avduka Osbadets siste investeringar i barnebassenget. Dei to badefigurane som sprutar vatn vert nok populære å leika med for dei yngste.

- Det er ikkje alltid så store ting som skal til. Me er glade for å kunne fornya oss litt sånn innimellom, kommenterte dagleg leiar Bård Alfstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles framstod Osbadet bittelitt fornya med dei flotte, store bileta til Siv Anne Skogen på veggen over 25-metersbassenget.

Også i det nyoppussa møterommet der dei vel 30 inviterte jubileumsgjestene fekk servert lunsj hadde Skogen fått dekorera med flotte nær- og avstandsbilete av vakker natur.

Vegskilje

Søviknes var førstemann som tok ordet og gav dei frammøtte eit passande høve til å klappa for dagens ti-åring.

- For meg markerer Osbadet på mange måter eit vegskilje. Det var på den tida då me hadde introdusert «Os inspirerer»-omgrepet. Eg føler Osbadet på mange måtar var eit godt bilete på det me tenkte den gongen. I staden for å skulle reisa ut av bygda for å få aktivitet, gjorde me noko som inviterte bergensarar og andre til Os for å bli aktivisert hjå oss. I så måte var Osbadet også viktig fram mot det me eit par år seinare fekk til med Oseana. Det var eit døme på kva me kunne få til her i bygda, sa Søviknes.

Han overrekte like etter ei bøtte med boblevatn og noko attåt til Tor Inge Døsen.

- Tor Inge har vore styreleiar i Osbadet i ti år. Tusen takk for ein fantastisk jobb, sa ordføraren under overrekkinga.

Samla om prosjektet

Tor Inge Døsens historietime vart noko korta ned ettersom varaordførar Marie Bruarøy hadde nokre frisyrar å fiksa, men mannen som stod mykje ved roret og styrte Osbadet-prosjektet vel i hamn for ti år sidan fekk fortalt om mykje den halvtimen han hadde ordet.

- Hausten 2002 skreiv eg eit hurra-skriv i Os og Fusaposten etter at kommunestyret hadde bestemt seg for å laga nytt basseng i Os. Ikkje lenge etter fekk eg nyss om at dei lurte på å laga eit publikumsbad med noko meir enn eitt basseng. Då ringde eg Terje (Søviknes) og informerte om at dette var noko eg kunne litt om, fortel Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han hadde nemleg nett jobba med å laga Vannkanten-badet i Loddefjord.

- Søviknes tok meg på ordet. Ikkje lenge etter vart eg med i eit ad-hoc-utval som skulle sjå på kva type bad kommunen skulle gå for. Me brukte to månader på å utvikla konseptet for dette bygget me sit i her og no. Deretter var det å henta inn anbod og bli samde om badet skulle koma på Kuventræ eller i fjellet ved Statoilstasjonen i Os. Til slutt fekk me inn tre anbod. Ingen av anboda hadde teke utgangspunkt i å byggja i fjellet på Osøyro. Heldigvis. Hadde dei gjort det, hadde nok prosessen drege lengre ut, og eventuelt blitt langt dyrare. Me enda i alle høve på Strand AS sitt anbod som var på 43,7 millionar kroner. Anbodet vart vedteke nær sagt einstemmig i neste kommunestyremøte. Deretter fekk me litt fart på sakene, fortel Døsen.

Symbolsk dugnadsvask

- Våren 2005 sa eg til politikarane at dei måtte ta fri 1. september 2006 for då skulle me opna vårt nye bad, oppsummerte Døsen.

Datoen vart sidan nesten tre veker fram i tid.

- Me var veldig innstilte på at alt skulle vera så fint og flott som mogleg. Den siste helga før opning låg samtlege i Osbadet-styret langflate og vaska og pussa for å få badet til å skinna. Det er noko symbolsk over det. Me hadde fått eit eigarforhold til det heile, fortel Døsen.

- No kan de få klappa!